2014
2015
2016

02.september 2014

Vedtak i Vest-Telemarkrådet om igangsetjing av forstudie

01.november 2014

Rapport frå forstudie klar. Tilråding: Utgreiing av to alternativ.
1: Éin kommune i Vest-Telemark.
2: Dagens struktur med auka interkommunalt samarbeid

17.mars 2015

Vedtak i Vest-Telemarkrådet om igangsetjing av forprosjekt

20.mars 2015

Stortingsmelding: «Kommunereformen – nye oppgåver til større kommunar»

01.april 2015

Oppstart forprosjekt. Telemarksforsking er ekstern utgreiar.
Prosjektleiar er Vest-Telemarkrådet.
Fire utgreingsalternativ:
1. «Seljord+Kviteseid+Nissedal».
2. «Tokke+Fyresdal».
3. «Tokke+Vinje».
4. Vidareføre dagens struktur med auka interkommunalt samarbeid.

09.april 2015

Kommunestyret i Seljord vedtek å gå inn i eit forprosjekt med «Lifjell rundt»-alternativet, samt eit forprosjekt med Bø, Sauherad og Nome.

08.juni 2015

1. Forhandlingsmøte. «Seljord+Kviteseid+Nissedal» forhandlar, det gjer også «Tokke+Fyresdal».

23.juni 2015

2. Forhandlingsmøte. «Tokke+Fyresdal».

17.august 2015

3. Forhandlingsmøte. «Seljord+Kviteseid+Nissedal» forhandlar, det gjer også «Tokke+Fyresdal».

14.september 2015

Kommuneval

29.oktober 2015

Kommunestyret i Vinje vedtek å ikkje gå vidare med samanslåingssamtaler med Tokke.

02.november 2015

4. Forhandlingsmøte. «Seljord+Kviteseid+Nissedal»

17.desember 2015

Kommunestyret i Seljord vedtek å gå vidare med forhandlingar med «Lifjell rundt» minus Bø kommune – det vil seie Hjartdal, Notodden og Sauherad.

04.januar 2016

Rapport frå Telemarksforsking er klar.

28.januar 2016

Kommunestyra i Kviteseid, Nissedal og Seljord vedtek å nytte innbyggjarhøyring + folkeavstemming om samanslåingsalternativ.

16.februar 2016

Kommunestyret i Tokke vedtek å ikkje gå vidare i prosess med Fyresdal. Alternativet «Tokke+Fyresdal» er dermed lagt dødt.

17.mars 2016

Kommunestyret i Seljord vedtek at intensjonsavtale for «Seljord+Kviteseid» samt «Seljord+Hjartdal+Notodden+Sauherad» skal ut på innbyggjarhøyring.

31.mars 2016

Kommunestyret i Kviteseid vedtek at intensjonsavtala for «Seljord+Kviteseid» skal ut på innbyggjarhøyring.

23.mai 2016

Folkerøysting i Seljord og Kviteseid

Innbyggjarane i Seljord og Kviteseid tok stilling til samanslåing med kvarandre, og det vart overveiande fleirtal mot samanslåing i båe kommunar. I Kviteseid stemte 71,8 % mot, i Seljord var 77,9 % mot samanslåing av Seljord og Kviteseid.

2017
  • Vinje
  • Vinje
  • Tokke
  • Tokke
  • Seljord
  • Seljord
  • Nissedal
  • Nissedal
  • Kviteseid
  • Kviteseid
  • Fyresdal
  • Fyresdal